Skiundervisning for alle nivå
Aktiviteter

Skiundervisning for alle nivå


Skiskulen hjå Voss Resort handlar om å inspirera og å få alle, uansett alder og ferdigheiter, til å oppleve det fantastiske ved skikøyring.

Skiskulen held instruksjon for både grupper og enkeltpersonar, born, vaksne, nybyrjarar og meir erfarne. Det er og mogleg å få instruksjon i parken på Slettafjellet.


Ting deg ein time og bli god på alpint, carving, telemark, snøbrett, parkkøyring, langrenn eller frikøyring/offpiste! Me har til ei kvar tid mange dyktige instruktørar i sving og instruerer på norsk, engelsk og tysk. Uansett kor erfaren eller uerfaren du er når det gjeld ski, så får du hjelp hjå oss. Har du erfaring frå før men ynskjer å utforske området med ein som er lokalkjend – bli med oss på ein guida tur!?


Voss Resort Skiskule finn du like ved billettluka i Bavallen, samt på Hangurstoppen