Bavallen Grand Prix.

OM BAVALLEN GRAND PRIX:
Det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Dei siste åra har påmeldinga verkeleg gått unna og me har hatt lange ventelister. Det kjekke med Bavallen Grand Prix er alt alle kan vera med, så lenge ein er over 15 år. I Bavallen Grand Prix stiller alt frå vener, bedrifter og familier til start. For nokre er konkurransen blodig alvor, medan andre er med berre for å ha det kjekt!

Bavallen Grand Prix er ein lagkonkurranse, med tre deltakarar på kvart lag. Traséen er lagt gjenom heile anlegget og konkurransen gjennomføres om morgonen, før opningstid. Ved kritiske punkt er det fartsreduserande element for deltakarane. Det er satt ut «checkpoints» i løypa som må passerast. Målet er å ta seg raskast mogleg gjennom løypa og alle tre deltakarar må vera over målstrekken før tida vert stoppa. I tillegg har me og ei “idealtid”, så sjølv om du ikkje er det raskaste laget, så er det framleis mogleg å vinna.

Mange flotte premiar, i tillegg til to flotte vandrepokalar.

KLASSAR:
Herre/mix med fartsdress
Dame med fartsdress
Herre/mix utan fartsdress
Dame utan fartsdress

PROGRAM (ENDRINGAR KAN FØREKOMA)*:
Kl. 07.00: Ekspressheisen og Voss Gondol opnar (du som deltakar treng ikkje heiskort for å koma deg til Hangurstoppen)
Kl. 07.10 - 07.30: Registrering og uthenting av startnummer på Hangurstoppen
Kl. 07.30: Løpermøte på Hangurstoppen
Kl. 07.50: Rennstart på Hangurstoppen
Kl. 09.30 - 11.00: Frukostbuffet på Hangurstoppen
Frå kl. 15: Afterski med DJ på Hangurstoppen
17.30: Premieutdeling

PÅMELDING OG PRISAR:
Deltakaravgift: kr. 990,- per lag
Frukost: kr. 150,- per person
Dagskort: kr. 365,- per person

Ein treng ikkje dagskort for å vera med på sjølve konkurransen, men om du skal på ski etterpå bør du kjøpa dagskortet når du melder på laget. Då får du rabatt på dagskort - til kr. 365,-.

Me inviterer og til ein god frukost på Hangurstoppen etter rennet. Dette må førehandstingast.

Det lønner seg å vera tidleg ute med påmelding! Jo tidligare påmelding, jo tidligare startnummer får du. Første lag til å melde seg på, får startnummer 1. Andre lag til å melde seg på, får startnummer 2, osv.

Under Frisky Preski 18. januar vert det førehandspåmelding til Bavallen Grand Prix. Ein eller anna gong ila. kvelden (tidspunkt er hemmelig) får du altså ein gyllen mogelegheit til å sikre deg startnummer 1. Vennligst merk; det er kun mogleg å melde på sitt eige lag. Ein får ikkje melda på andre. 20 års aldersgrense på Frisky Preski.

Maks 60 lag - første mann til mølla!

* evt. endringar vert lagt ut på nettsida vår og på Facebook-eventet: https://www.facebook.com/events/899410583787703/

Vis meir
Build: 21.09.2020 16:12:58, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8236.cbischannel-28198.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails