Grebbe sommarferieklubb

Dato: Måndag 9 aug 2021 - måndag 9 aug 2021

Me ynskjer uteglade barn i alderen 7-10 år (må fylle 7 år i løpet av 2021), velkomen til ei kjekk og aktiv veke på Hangurstoppen. Fokus er uteleik og kos, ispedd læring av nyttige og unyttige ting ein kan gjere utandørs.

 

Tidspunkt: Måndag 9. august til fredag 13. august frå kl. 08:30-15:30, kvar dag.

Oppmøte og avlevering etter endt dag, utanfor Voss Gondol (Evangervegen 3) på perrongnivå ved billettautomatane.


Antal: Minimum ti påmelde deltakarar. Maks 20 barn. To erfarne aktivitetsleiarar med er med barna heile veka.

Praktisk informasjon og oppdatert program vert sendt ut i løpet av juni.


Pris: Earlybird innan 6. juni; kr 2990,- per barn. Etter 7.juni; kr 3490,- per barn.

Prisen inkluderer alle aktivitetar og tur- retur gondolen kvar dag.

Alle barna har med eigen sekk med sitjeunderlag, eiga niste og drikke til kvar dag.


Nærmare praktisk informasjon og oppdatert program vert sendt ut i løpet av juni. 



Førebels program

Måndag: Bli kjent dag. Leik og moro på Hangurstoppen.

Tysdag: Støvelsafari og dyreliv. Visste du at den kjente froske-prinsen bur på Hangurstoppen?

Onsdag: Cowboy og indianerdag med ulike aktivitetar 

Torsdag: Kompani Grebbe på ekspedisjon (turdag)

Me lærer å lesa kart og må forsera ulike hindringar for å finne skatten. 

Fredag: Me lagar biehotell av det me har funne gjennom veka.

Vis meir

Bestill no

Build: 14.06.2021 17:38:03, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8236.cbischannel-28198.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails