Voss Resort Bavallstunet hytter
Voss Resort Bavallstunet hytter
Voss Resort Bavallstunet hytter
Voss Resort Bavallstunet hytter
Voss Resort Bavallstunet hytter
Voss Resort Bavallstunet hytter
Overnatting Hytter & Leiligheter

Voss Resort Bavallstunet hytter

Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.

Hyttene i Voss Resort er av god kvalitet og godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald.
Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter. Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 10 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.

Hyttene i Voss Resort Bavallstunet ligg 5km frå Voss sentrum og berre 5 minutt kjøretid til nærmaste daglegvarebutikk i Skulestadmo.

Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.
Sengetøy og håndklær er ikkje inkl. i overnattingsprisen, men kan bestillast i tillegg. Utvask vil i nokre tilfeller vera inkludert i overnattingspris (dette er då spesifisert). I dei tilfeller utvask ikkje er inkludert i overnattingspris, kan dette bestillast i tillegg.