Bavallen Grand Prix
Aktiviteter

Bavallen Grand Prix

Laurdag 6. april klokka 07:00 startar Bavallen Grand Prix. Påmeldinga opnar 25. desember, og held fram til den er fulltegna (max 60 lag). Startavgifta per lag er på kr 2250,- (3 pers) og inkluderar frukost for tre personar etter rennet på Hangurstoppen Restaurant. Betalast ved påmelding.

Klassar i år er herre/mix utan fartdress og dame utan fartsdress.


På Hangurstoppen under Fresky Preski 6. januar, trekkjer me dei 10 fyrste startnummera til Bavallen Grand Prix, blant dei som allereie har meldt seg på. Minst ein frå laget må vera til stades under Frisky Preski 6. januar for å vera med i trekninga. I tillegg må ein ha meldt på laget innan kl. 15:00 den 6. januar.