Hengekøye overnatting på Hangursrestauranten
Tenk å henge og dingle med beina over Voss i godt selskap, med ei god bok, eller bare kvile seg og drøyme seg vekk med den flotte utsikta utsikta.
Voss Resort har hengt opp ti hengekøyer i svalgangen på terrassen til «gamle› Hangursrestauranten. Under tak!
Ta med deg kjærasten og bu her heilt aleine, eller få med deg heile vennegjengen. Tilbodet høver også godt for vennefamiliar som har lyst å gjere noko kjekt i lag.
Pris:
Enten ein leiger to hengekøyer eller alle ti, så er prisen den same; kr 2000,-. Merk at gondolbilletten kjem i tillegg dersom du ikkje allereie har det. Alle som booker hengekøyeovernatting får kjøpe gondolbillettar tilknytt overnattinga til 50 % rabatt av ordinær pris. Billetten må kjøpast online med kode - du får tilsendt koden på epost dagen før ankomst. Kjøp deretter billett online på www.vossgondol.no
Prisen inkluderer:
- Eksklusiv tilgang til svalgangen, hallen og toaletta i «gamle» Hangursrestauranten. Me har laga til eit avgrensa område, med kodelås for kome deg inn. Døra kan også låsast frå innsida.
- 10 hengekøyer ferdig montert i svalgangen. Her har du tak over hovudet, men er likevel utandørs med fantastisk utsyn over Voss. De kan også sjølvsagt nytte eiga hengekøye dersom ynskjeleg.
- Tilgang på varmt og kaldt vatn
- Eksklusiv tilgang på ein koseleg lounge med utsikt i hallen med skinnfeller og stemningsfulle lys. Me har også separate bord og benkar til å nyte mat.
- Tilgang på nistedelen av restauranten innomhus. Her er det bord og benkar.
Praktisk informasjon:
- Online bestilling og betaling av hengekøye overnatting via www.vossgondol.no. Du får tilsendt kode på epost dagen før ankomst, som gjev deg 50% rabatt.
- Innsjekk og utsjekk gjer ein på eiga hand på «gamle» Hangursrestauranten. Dagen før ankomst får de tilsendt kode til døra, samt praktisk informasjon. Innsjekk frå kl 15.00 ankomstdagen. Utsjekk seinast kl. 11.00 avreisedagen. Det er ein flott terrasse utanfor “glampingområdet”, der ein kan nyte frukosten dersom ein søv lenge.
- Grunna brannvern er det ikkje tillatt med grill eller minigrill. Me oppmoder om å nytte primus til matlaginga.
- Me minner om bålforbudet som gjeld mellom 15.april og 15.september, samt bandtvang for hundar.
- Den som bestiller er ansvarleg for gruppa som skal overnatte, samt at smittevernreglane vert overholdt i gruppa. Ansvarleg bestillar er også ansvarleg for at hengekøyene, lyslyktene og anna utstyr er i orden ved utsjekk. Dersom ting vert øydelagde er vert kostnaden fakturert ansvarleg bestillar.
- Rundt Hanguren er det nydeleg turterreng med merka T-stiar og rundløyper. Kva med eit kveldsbad i Valbergstjørni ved Røde Kors hytta? Eller last ned KulTur appen til DNT med kjekke aktivitetar for borna.
Tilkomst:
Det er cirka ein kilometer å gå kortaste vegen frå Hangurstoppen (topp stasjonen Voss Gondol) til Hangursrestauranten. Du kan gå langs grusveg heile vegen, sjølv om det mest naturlege er å gå på stien som leder ned til Hangursløypa (skibakken). Sjå kart.
Ein kan også gå fine omvegar til hengekøyeovernattinga frå Hangurstoppen langs koselege stiar via Røde Kors hytta og Skutsgardstjørni. Andre tilkomstar til Hangursrestauranten er enten å gå opp den bratte stien frå Mølstertunet/Voss Folkemuseum eller frå Raugstad. Det er T-merka stiar til Hanguren frå begge plassar.
Det er ikkje mogleg å køyre bil til Hangursrestauranten.
Pakkeliste:
- Sovepose og liggeunderlag.
- Mat og drikke.
- Gode sko og sokkebyte.
- Klede etter ver til turen ned frå Hangurstoppen og til opphaldet. Hugs at sommarnettene også kan vera kalde. Ull er gull! Hangursrestauranten ligg på 660 moh. Her det som regel 3 grader kaldare enn i Voss sentrum.
- Hodelykt eller lommelykt. Det blir mørkt på kvelden.
Tilleggstips:
- Ta gjerne med sovemaske dersom du er ømfinteleg for lys på natta.
- Ta med myggsalve eller spray.
- Barnelegeforeninga oppmoder sterkt om at små barn under 1 år ikkje bør sove i hengekøye, grunna fare for krybbedød.
- Ta gjerne med kortstokk eller andre spel. Me tek smittevern på alvor og låner diverre ikkje ut dette.
Korona- og smittevernstiltak:
- Alle hengekøyene vert desinfiserte kvar dag etter bruk. Gjester er velkomne til å nytte eigne hengekøyer.
- Vårt reingjeringspersonale utfører nøye vask av toaletta og overflatar som gjestene våre nyttar etter kvar booking.
- Me oppmodar om at alle våre gjester etterlever oppmodinga frå FHI om 1.meters avstand og dei gjeldande smittevernreglar som til ei kvar tid gjeld.
Avbestillingsreglar
Ved avbestilling av opphaldet tidlegare enn 3 dagar før ankomst, blir betalinga refundert, minus eit avbestillings-/administrasjonsgebyr på kr. 200,- pr.natt. Ved avbestilling mindre enn 3 dagar før ankomst, beheld utleigar heile det innbetalte beløp.