Hengekøye overnatting på Hangursrestauranten

Beliggenhet:

Hytter & Leiligheter | Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda? Voss Resort har hengt opp ti hengekøyer i svalgangen på terrassen til «gamle› Hangursrestauranten. Under tak!

Tenk å henge og dingle med beina over Voss i godt selskap, med ei god bok, eller bare kvile seg og drøyme seg vekk med den flotte utsikta utsikta.

Voss Resort har hengt opp ti hengekøyer i svalgangen på terrassen til «gamle› Hangursrestauranten. Under tak!

Ta med deg kjærasten og bu her heilt aleine, eller få med deg heile vennegjengen. Tilbodet høver også godt for vennefamiliar som har lyst å gjere noko kjekt i lag.


Pris:
Enten ein leiger to hengekøyer eller alle ti, så er prisen den same; kr 2000,-. Merk at gondolbilletten kjem i tillegg dersom du ikkje allereie har det. Alle som booker hengekøyeovernatting får kjøpe gondolbillettar tilknytt overnattinga til 50 % rabatt av ordinær pris ved framvising av kvitteringa for overnattinga i Turistinformasjonen.


Prisen inkluderer:
- Eksklusiv tilgang til svalgangen, hallen og toaletta i «gamle» Hangursrestauranten. Me har laga til eit avgrensa område, med kodelås for kome deg inn. Døra kan også låsast frå innsida.
- 10 hengekøyer ferdig montert i svalgangen. Her har du tak over hovudet, men er likevel utandørs med fantastisk utsyn over Voss. De kan også sjølvsagt nytte eiga hengekøye dersom ynskjeleg.
- Tilgang på varmt og kaldt vatn
- Eksklusiv tilgang på ein koseleg lounge med utsikt i hallen med skinnfeller og stemningsfulle lys. Me har også separate bord og benkar til å nyte mat.


Praktisk informasjon:
- Den som bestiller er ansvarleg for gruppa som skal overnatte, samt at smittevernreglane vert overholdt i gruppa.
- Innsjekk og utsjekk gjer ein på eiga hand på «gamle» Hangursrestauranten. Ved bestilling får ein oppgitt kode til døra, samt praktisk informasjon knytt til hengekøyeovernattinga. Innsjekk fra kl 15.00 ankomstdagen. Utsjekk seinast kl 11.00 avreisedagen. Det er ein flott terrasse utanfor “glamping området” som ein kan nyte frukosten på dersom ein søv lenge.
- Grunna brannvern er det ikkje tillatt med grill eller minigrill. Me oppmoder om å nytte primus til matlaginga.
- Me minner om bålforbudet som gjeld mellom 15.april og 15.september, samt bandtvang for hundar.
- Rundt Hanguren er det nydeleg turterreng med merka T-stiar og rundløyper. Kva med eit kveldsbad i Valbergstjørni ved Røde Kors hytta? Gå på Stolpejakt (link) eller last ned KulTur appen til DNT med kjekke aktivitetar for borna.


Tilkomst:
Det er cirka ein kilometer å gå kortaste vegen frå Hangurstoppen (topp stasjonen Voss Gondol) til Hangursrestauranten. Du kan gå langs grusveg heile vegen, sjølv om det mest naturlege er å gå på stien som leder ned til Hangursløypa (skibakken). Sjå kart.
Ein kan også gå fine omvegar til hengekøyeovernattinga frå Hangurstoppen langs koselege stiar via Røde Kors hytta og Skutsgardstjørni. Andre tilkomstar til Hangursrestauranten er enten å gå opp den bratte stien frå Mølstertunet/Voss Folkemuseum eller frå Raugstad. Det er T-merka stiar til Hanguren frå begge plassar.
Det er ikkje mogleg å køyre bil til Hangursrestauranten.


Pakkeliste:
- Sovepose og liggeunderlag
- Mat og drikke
- Gode sko. Klede etter ver. Hugs at sommarnettene også kan vera kalde. Hangursrestauranten ligg på 660 moh.


Tilleggstips:
- Ta gjerne med sovemaske dersom du er ømfinteleg for lys på natta.
- Ta med myggsalve eller spray.
- Barnelegeforeninga oppmoder sterkt om at små barn under 1 år ikkje bør sove i hengekøye, grunna fare for krybbedød.


Korona- og smittevernstiltak:
Alle hengekøyene vert desinfiserte kvar dag etter bruk. Gjester er velkomne til å nytte eigne hengekøyer.
Vårt reingjeringspersonale utfører nøye vask av toaletta og overflatar som gjestene våre nyttar etter kvar booking.
Me oppmodar om at alle våre gjester etterlever oppmodinga frå FHI om 1.meters avstand og dei gjeldande smittevernreglar som til ei kvar tid gjeld.


Avbestillingsreglar
Ved avbestilling av opphaldet tidlegare enn 3 dagar før ankomst, blir betalinga refundert, minus eit avbestillings-/administrasjonsgebyr på kr. 200,- pr.natt. Ved avbestilling mindre enn 3 dagar før ankomst, beheld utleigar heile det innbetalte beløp.


Bestillingsassistanse

Om du treng hjelp med di bestilling, kontakt oss gjerne på tlf.: +47 4700 4700 eller på epost post@vossresort.no

Vennligst merk at online booking må skje minimum 24 timer før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar).

Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det likevel er ledig kapasitet.

Bestille hos oss

Voss Resort er det perfekte utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar.

Du finn oss berre 5 km frå Voss sentrum og 99 km frå Bergen.

Book enkelt og greit her på vår offisielle bookingside.

Sikker betaling og ingen bookingavgift.

Bestillingsassistanse

Om du treng hjelp med di bestilling, kontakt oss gjerne på tlf.: +47 4700 4700 eller på epost post@vossresort.no

Vennligst merk at online booking må skje minimum 24 timer før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar).

Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det likevel er ledig kapasitet.

Bestille hos oss

Voss Resort er det perfekte utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar.

Du finn oss berre 5 km frå Voss sentrum og 99 km frå Bergen.

Book enkelt og greit her på vår offisielle bookingside.

Sikker betaling og ingen bookingavgift.
Build: 19.10.2020 17:01:38, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8236.cbischannel-28198.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails