Stol frå Tråstølheisen
Stol frå Tråstølheisen
Aktiviteter

Stol frå Tråstølheisen

Ein gamal travar frå 1968 skal pensjonerast. Voss Resort sin eldste heis, Tråstølsheisen, skal skiftast ut.

Nye Tråstølheisen skal stå ferdig i november og vera klar alt til sesongen 22/23.


Tråstølsheisen har satt sine spor, på godt og vondt, hjå mang ein skikøyrar. Ein heis med stor «H», som er sjølve definisjonen på «tøff kjærleik», for kven har ikkje fått eit blåmerke i knehasen av denne gamle travaren?

Det har vore stor interesse for å kjøp av desse stolane, som eit minne frå Voss og Fjellheisane. Og no kan du du det! Kvifor ikkje ha ein av desse historiske stolane på terrassen på hytta eller i hagen? Så kan du sitja, gynga og reflektera – nett som ein gjorde i Tråstølsheisen når den fortsatt gjekk.


Stolar kan hentast på Tråstølen, laurdag 4. juni kl. 10:00-15:00