Voss Resorts - Bavallstunet
Hyttene i Voss Resort er av høg kvalitet og er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste hyttene har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.
Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 10 personar.
Kvar hytte er sett saman av to einingar og er anten vertikal- eller horisontaldelt.