Aktiviteter Vinteraktiviteter Sesongkort

VR 365

Kjøp årskort (VR365) for det kommande året

Familiekort inkluderar årskort for 2 vaksne og alle heimebuande barn til og med 19 år.

Åleineforsørgarkort gjeld ein vaksen og 1 eller 2 heimebuande barn til og med 19 år.
Alle sesongkort/årskort gjeld og på kveldskøyring tirs, tors og fredagar, samt på Voss Gondol.

Du kan kjøpe kort online på to måtar:
1. Har du keycard frå før? Lad opp kortet - gå rett i bakken.
Du må ha keycardet tilgjengeleg ved kjøp. (Obs! Hugs å sjekke at du legg inn korrekt Keycardnummer)
2. Har du ikkje keycard? Kjøp nytt keycard online når du kjøper sesongkort - og hent ut kortet ditt i automat eller i eit av våre billettkontor. Du finn våre billettkontor og automatar ved Voss Gondol Nedre stasjon, og i Bavallen.

Alle heiskort som kjøpt online, vert aktivert på din fyrste tur i heisen.

Årskortet er personleg med bilete og kan ikkje verte brukt av andre. Misbruk fører til gebyr på 1500 eller inndraging.

Barn 0-6 år køyrer gratis ved bruk av hjelm. Me utsteder VR Vinter (sesongkort vinter) eller VR365 (Årskort 12 månader), dersom føresette, foreldre, besteforeldre eller tante/onkel har tilsvarande kort. Om foreldre/føresette ikkje har VR Vinter/VR365, kan ein hente ut dagskort til barn 0-6 år. Merk at alle barn må ha eige keycard.